Beata Farstad

Beata tar en master i økonomi og administrasjon ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Hun hadde sommerjobb i 2018 og jobbet med standardiseringsprosjekter blant annet knyttet til kommunal helse og akuttmottak.

Sommerstudent Beata Farstad som spiser is
Foto: Standard Norge


- Hvordan har det vært å jobbe i Standard Norge?
- Kjempekjekt og interessant, og ein får utfordra seg sjølv. Alle dei tilsette er veldig snille og inkluderande. Så ein kjenner seg utruleg heldig som har fått sjansen til å ta del i dette.

- Hva har vært mest positivt?
- At alle var hjelpsame og tilgjengelege om det skulle vere noko, sjølv om det var ferie. Også veldig flott at vi var ein gjeng sommarstudentar, som sjølv om vi hadde ein del ulike oppgåver, kunne dele erfaringar med og bli betre kjent med. Det har også vore utruleg positivt at vi har fått ein del ansvar og kunne fått utfordra oss sjølve. At ein kan få tilpasse oppgåvene sine litt sjølve har vore utruleg bra. Har ingen bakgrunn frå helse og omsorg, men følte eg likevel kunne bidra og ta i bruk ferdigheiter frå mitt studie.

- Hva kunne vi gjort bedre?
- Nokre av oppgåvene, då spesielt fellesoppgåva vår, kunne vore betre formulert og tilpassa områda våre.

- Hva visste du om Standard Norge før du begynte?
- Eg visste Standard Norge haldt på med standardisering sidan eg hadde snakka med dei på stand under karrieredagane på universitetet. Men elles hadde eg få forkunnskapar rundt kva arbeidet til Standard Norge faktisk gjekk ut på.

- Hva har du lært om standarder og standardisering i løpet av arbeidsperioden?
- I løpet av arbeidsperioda her har eg lært mykje om kor viktig og nyttig standardiseringsarbeidet er. Det finns standardar om det meste! Men likevel finn oss stadig fleire område som vil ha bruk for det. Syns det er også interessent korleis Noreg kan vere med på internasjonale standardiseringsarbeid, og slik fremje norske interesser. Jobba sjølv med helse og omsorg, så eg lærte spesielt om kva arbeid som blir gjort på denne fronten.

- Kunne du tenke deg å begynne med standardiseringen senere?
- Ja, det kunne eg. For opphaldet her har gjort meg enno meir klar over kor interessant standardiseringsarbeid kan vere, og eit godt arbeidsmiljø er alltid eit stort pluss!

- Har du noen tips til andre studenter som vurderer å søke sommerjobb i Standard Norge?
- Anbefaler så absolutt å søke! Tips er vel å ikkje vere redd for å gje av seg sjølv, og det går veldig bra å spørje om du har eit spørsmål. Det finns nesten ingen irrelevante bakgrunnar her, då det finns standardar for nesten alt. Så ikkje nøl med å sende søknad.

- Bruker du standarder i dine studier?
- Nei, var berre så vidt bort i det i eit gruppearbeid der oppgåva handla litt om ISO 14001.

- Hva er din “favorittstandard”?
- Min favorittstandard, spesielt på sommaren er NS-EN 16754:2016 «Maskiner for håndlaget iskrem og iskrem – Ytelsesegenskaper og energiforbruk» som er med på å gjere at softisen du nyter held standarden!