Sjeldne mineral og kritiske råvarer (Oppsummering av møte)
Standard Norge inviterte til informasjonsmøte om sjeldne mineral, kritiske råvarer og berekraft, mandag 15. april. Her kan du finne presentasjonar og opptak frå frokostmøtet.
Det er nyleg blitt starta opp ei rekke komitear frå standardiseringsorganisasjonane ISO og CEN som skal jobba med sjeldne mineral, kritiske råvarer og utvinninga av desse på ein berekraftig måte. Med EUs "European Critical Raw Materials Act" er det eit aukande fokus i Europa på å bli sjølvforsynt med råvarer/mineral. Dette gjeld spesielt råvarer og mineral som er viktige komponentar i teknologi i det grønne skiftet.
Noreg har ein stor bergindustri, og er blant dei største produsentane i Europa på visse metall og mineral. I åra framover vil det truleg bli eit aukande fokus på kartlegging og utvinning av norske mineralførekomstar, sidan Noreg blir sett på som ein påliteleg leverandør.
Standardisering på området
Gjennom sin mineralstrategi (2023) fastslo regjeringa at "Noreg skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av mineral til det grønne skiftet". Det er viktig at dette blir gjort på ein mest mogleg berekraftig måte, og ved å delta i standardiseringsarbeidet kan ein tileigne seg kunnskap om kva arbeid som blir gjort innanfor dette feltet internasjonalt.
Ein kan vera med og påverke innhaldet i internasjonale standardar, og ein får eit stort kontaktnett nasjonalt og internasjonalt. Komitear er naturlege møteplassar for norske interessentar, ein arena for politiske og tekniske diskusjonar, og deltakelse i ein standardiseringskomité gir i tillegg sterk fagleg utvikling.
Informasjonsmøte
Under informasjonsmøtet 15 april gjekk vi gjennom komiteane/forslaga frå ISO og CEN, status på dei, kva dei jobbar med og skal jobba med. Vi såg på moglegheitene for norske komitear som skal spegla internasjonale komitear, og oppfordra til diskusjon rundt norsk involvering i dei ulike komiteane.
Video
Presentasjonar
- Litt om Standard Norge
Ingvil Teige Stiegler - Kritiske mineral for det grønne skiftet - Kva kan Noreg bidra med?
Kari Aslaksen Aasly, NGU - Aktivitet knytta til sjeldne mineral, kritiske råvarer og berekraft
Cecilie Skiple, frå Standard Norge
Ønsker du å delta?
Ta kontakt før 30. april om du ønsker å delta i speilkomiteen.
Ta stilling til om du ønsker å delta i ein eller fleire internasjonale arbeidsgrupper. Vi ønsker og tilbakemelding på kva komitear som er mest relevant for Noreg, og om havbunnsmineral bør dekkes av komiteen.
Meld din interesse til prosjektleiar Cecilie Skiple på e-post.
Det vil vera eit nytt møte 28. mai, for dei som ønsker å delta i komitearbeidet.